Vi har merket at du bruker en nettleser som ikke støttes. TripAdvisor-nettstedet vises kanskje ikke riktig.
Vi støtter følgende nettlesere:
Windows: Internet Explorer, Mozilla Firefox, Google Chrome. Mac: Safari.
Attraksjoner (164)
Natteliv (18)
Shopping (12)

Hordaland – Sport

Alle
Utendørs
Museer
Kulturelt
Sport
Fornøyelse
Landemerker
Dyrehager og akvarier
Fremførelser
Navn
Vurdert som nr. 1 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Turstier
Kart | Bilder fra besøkende (32)
Vurdert som nr. 2 av 19 Sport i Hordaland
Kart | Bilder fra besøkende (1)
Rallarvegen (Ulvik)
Vurdert som nr. 3 av 19 Sport i Hordaland
  • Flott tur ! 14.09.2014
Kategori: Sykkelstier
Eierbeskrivelse: Hardangervidda område.  Kultur-, sykkel- og gangveg mellom Haugastøl - Finse - Hallingskeid - Myrdal - Flåm. Bygd i åra... mer » Eierbeskrivelse: Hardangervidda område.  Kultur-, sykkel- og gangveg mellom Haugastøl - Finse - Hallingskeid - Myrdal - Flåm. Bygd i åra 1895-1902. Sjølve vegen, jernbanelina, bruer og stikningsboder, brakker og vaktarbustadar er alle eit minnesmerke over bygging og drift av Nord-Europas høgstliggjande jernbane. Vegen har ei totallengde på 95 km medrekna strekninga Upsete - Mjølfjell. Ved vegen finn ein og Rallarmuseet, eit museum som syner førearbeid, prosjektering, stikking og bygging av Bergensbanen i åra 1871 til opninga i 1909. Levande smie og museumskafe. Tilgjengelegheita av vegen er veravhengig. « mindre
Kart | Bilder fra besøkende (3)
Finse (Ulvik)
Vurdert som nr. 4 av 19 Sport i Hordaland
  • Et flott sted 14.09.2014
Kategori: Sykkelstier
Eierbeskrivelse: For sykling på Rallarvegen er det sykkelutleige ved Finse 1222.  www.finse122.no Pris for veke Komfortsykkel 420,- /helg... mer » Eierbeskrivelse: For sykling på Rallarvegen er det sykkelutleige ved Finse 1222.  www.finse122.no Pris for veke Komfortsykkel 420,- /helg 520,- inkl returfrakt av sykkelen til Finse. Offroadsykkel/MTB: veke 580,- /helg 680,- inkl. returfrakt av sykkelen til Finse. Proff-sykkel/Fulldempet: veke 680,- /helg 780,- inkl. returfrakt av sykkelen til Finse. Sesong: juli-oktober « mindre
Kart | Bilder fra besøkende (24)
Vurdert som nr. 5 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Ski-/snowboardområder
Eierbeskrivelse: Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg. Hjå Voss Fjellandsby... mer » Eierbeskrivelse: Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg. Hjå Voss Fjellandsby finn du 6 heisar og 11 løyper som passer for heile familien. I tillegg til eit skisenter, så er Voss Fjellandsby eit spanande hytte- og fritidsprosjekt på Vestlandet. Området er under stadig utvikling med mål om å bli eit nytt reisemål for heile familien, heile året. Dersom du ynskjer overnatting tilbyr Voss Fjellandsby hytter, leilegheiter og hotellrom i ulike storleikar. Hjå serverningsstadane i skisenteret kan du få tradisjonell mat med lokalt tilsnitt eller meir internasjonale rettar. I velkomstsenteret finn du òg ein storkiosk med godt utvalg. « mindre
Kart | Bilder fra besøkende (2)
Vurdert som nr. 6 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Ski-/snowboardområder
Eierbeskrivelse: Vert med frå fjord til fjell og fossar, langs merka turløyper til fiskerike fjellvatn. I tettstaden Tyssedal finst... mer » Eierbeskrivelse: Vert med frå fjord til fjell og fossar, langs merka turløyper til fiskerike fjellvatn. I tettstaden Tyssedal finst bygningsmasse med spanande arkitektur, og utandørs symjebasseng. Imponerande er vasskraftanlegget Tysso (1906-18) med kraftstasjon, røyrgate, fordelingsbasseng og voktarbustad. På Tyssedal hotel er det ei historisk kunstsamling, medan på Galleri Rallaren kan ein sjå moderne utstillingar. I Skjeggedal ligg Ringedalsdammen (1910-18) bygd i stein etter modell av gamle mellomalderborger med brystvern på toppen. Tyssedal og Skjeggedal er ei reise gjennom det nye Noreg frå kvernhuset frå 1830, gjennom norsk vasskrafthistorie til Via Ferrata klatreløyper som vart opna i 2009. Opp frå Skjeggedal kan ein gå i området rundt Ringedalsvatnet og oppleva vill og vakker natur med utsikt til Folgefonna, Hardangerfjorden, Hardangervidda og Skjeggedal. « mindre
Kart
Vurdert som nr. 7 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Turstier
Eierbeskrivelse: Vandringsturen følgjer den gamle Postvegen frå 1800-talet som snor seg langs elva ned gjennom Rullestadjuvet. Du vandrar... mer » Eierbeskrivelse: Vandringsturen følgjer den gamle Postvegen frå 1800-talet som snor seg langs elva ned gjennom Rullestadjuvet. Du vandrar først i dramatisk natur på kanten av fossar og stup. Lenger nede er landskapet mildare, og du kan nyta utsikta over gardane og det glitrande Rullestadvatnet. Turstien startar ved garden Skromme på toppen av gamle E134 gjennom Rullestadjuvet, og endar opp på gardane nede ved Rullestadvatnet. Vegen blei ferdig restuaurert i 2009, og er godt skilta og lett å føljga. Ca 2 kilometer. Du kan gå turen på eigahand eller grupper kan leiga med guide som gir turopplevinga ein ekstra dimensjon. Guiden deler med glede den rike historia langs vegen. Du ser for deg postbøndene, krøtterdrivarane og landskapsmålaren Lars Hertervig som har gått i same spora. Hugs: Joggesko/fjellsko (IKKJE sko med glatte sålar), klede etter været, kamera « mindre
Kart
Vurdert som nr. 8 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Ski-/snowboardområder
Eierbeskrivelse: Vinteren skal være hvit, lufta skal være frisk og sola skinne fra høy himmel. Fra det moderne hotellet er det bare et par... mer » Eierbeskrivelse: Vinteren skal være hvit, lufta skal være frisk og sola skinne fra høy himmel. Fra det moderne hotellet er det bare et par minutters kjøring til skitrekket. Et skieventyr venter! Slik er det i Røldal, vårt eget skieldorado midt mellom Øst- og Vestlandet. Ville fjell, bratte stup, hvite vidder - skiglede og sunt friluftsliv. Stadig flere skiturister oppdager vakre Røldal. Først var det ungdommen, de barske og dristige. Offpiste og snowboard - utfordringene er størst i Røldal. Kom og se på Europas mest dristige skikjørere! De kaster seg ut fjellsidene i konkurransen Røldal Freeride Challenge (RFC), mens tilskuere gisper over ungdommens vågemot og galskap. Frekt og freidig, Røldal er blitt et kultsted for våghalser som ikke synes fjellsidene kan bli bratte nok. Men Røldal er ikke bare ekstrem skisport. Kanskje vil du bare svinge rolig ned bakken og ta heisen opp igjen, eller filosofere over rykende varm kakao i solveggen. Stadig flere oppdager gleden ved å legge ut i gode løyper innover gnistrende vidder. Røldal har alle tilbudene. Og best av alt - i Røldal kan du stole på vinteren! Snøen kommer i god tid før jul, og den ligger trofast til langt ut i mai. Skiheisen stenger først når trærne grønnes nede i lavlandet. Sesongen er lang, det er bare noen få timers kjøring til de store byene, derfor oppdager flere og flere Røldal. « mindre
Kart
Vurdert som nr. 9 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Idrettsleirer/klinikker
Kart
Vurdert som nr. 10 av 19 Sport i Hordaland
Kategori: Sykkelstier
Eierbeskrivelse: Kystrundturen (Sveio – Rød – Auklandshamn – Bua – Vikse – Sveio) Start i Sveio sentrum og følg sykkelsti skilta til Bergen... mer » Eierbeskrivelse: Kystrundturen (Sveio – Rød – Auklandshamn – Bua – Vikse – Sveio) Start i Sveio sentrum og følg sykkelsti skilta til Bergen langs Rv47. Like ved sykkelstien på Bjelland ligg eit verna våtmarksområde med rikt fugleliv. Her er det fugletårn og tursti. Frå Haukås held ein fram på sykkelsti langs E39, forbi bensinstasjonen, til Rød. Ta av frå E39 ved skilt til Auklandshamn. Turen går på smal og svingete bygdeveg med noko trafikk. Ved Langavatnet er det tilrettelagt bade- og fiskeplass med rullestolrampe. Husk fiskekort. På Eikeland driv Sveio kystlag kystkultursenter og museum, ope onsdagar 18-20 utanom sommarferien, elles etter avtale. I krysset med skilt mot Tjernagel kan ein ta ein avstikkar mot høgre til friluftsområdet Slettene med badeplass, tursti og toalett. Elles held turen fram mot Tjernagel. I Auklandshamn er det butikk, og ved butikken startar tursti til Emberlandsnipen med flott utsikt over Bømlafjorden. På Tjernagel er det ridesenter, og ein liten avstikkar fører ned til den gamle handelsstaden. Tjernagel er eit historisk viktig område med mange fornfunn. Tjernagelshaugen, som blei riven på 80-talet, var eit viktig landemerke og er nemnt i Snorres kongesoger. Frå Tjernagel svingar vegen til venstre mot Bua. Badeplass ved Storavatnet like ved vegen. I krysset med skilt mot Buavåg og Bømlo kan ein velja ei kortare rute og ta rett fram mot Sveio sentrum igjen. Her er vegen noko kupert og trafikert. Elles kan ein halda fram vidare sørover langs riksvegen forbi ferjekaien i Buavåg (toalett, venterom mm). Her kjem ein inn på Nordsjøsykkelruta som er merka vidare mot Haugesund. I Grunnavåg sør for Buavåg er det bademoglegheit i sjø, ca 5 min på sti frå vegen. Skilt ved vegen fortel om gravrøysene på Kvitaneset like ved, og om gullgruvene på Hovda. På Hovda er det rasteplass med utsiktspunkt der Bømlafjorden opnar seg mot Sletto. Frå Eltravåg (merka farleg vegkryss) kan ein følgja Markavegen til Nordskog og tilbake til Sveio. Slakk og fin veg med lite trafikk. Elles kan ein halda fram vidare sørover. Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS ”Thor”s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg er vegen skilta til Ryvarden Kulturfyr – ein avstikkar på ca 3,5 km kvar veg, men vel verd eit besøk! Meir informasjon om tilboda langs kysten finn du i eigen brosjyre for Kystlandsksapsparken, og på www.kystlandskapsparken.no. Turen tilbake til Sveio sentrum kan gå på lite trafikert grusveg over Paddevegen, eller om Vikse og Tveit om ein ønskjer ein lenger tur. Då held ein fram til krysset i Vågedalen, der ein tek til venstre og kryssar Rv47 på Byrkjeland. Tveitevegen (omveg på ca 5 km) er merka som sykkelsti, grunna stor trafikk og manglande sykkelsti er det ikkje tilrådd å følgja riksvegen forbi Tveit. Resten av turen går på sykkelsti forbi byggjefeltet Krossleitet, i undergang under riksvegen og tilbake til utgangspunktet i Sveio sentrum. « mindre
Kart
Vossamoro (Voss)
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Idrettsanlegg
Eierbeskrivelse: Vossamoro er ein aktivitetstilbydar med lang erfaring og tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar. Dei tilbyr sommar-... mer » Eierbeskrivelse: Vossamoro er ein aktivitetstilbydar med lang erfaring og tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar. Dei tilbyr sommar- og vinteraktivitetar for store og små grupper i alle aldre. Gruppa eller firmaet får eit skreddersydd opplegg basert på eit breitt utval av aktivitetar.  Vossamorro arrangerer aktivitetar blant anna for bedriftar, prosjekt grupper, offentlege innstansar, konfirmantar, blå turar, etc. Hovudbasen er i Bavallen på Voss, men det er også mogeleg å arrangere aktivitetar for grupper og firma andre stader i Voss kommune og nærliggande kommunar. For meir informasjon, sjå Vossamoro sine heimesider: www.vossamoro.no « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Sykkelstier
Eierbeskrivelse: Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge og går gjennom skogkledte områder og  langsetter blenkjande... mer » Eierbeskrivelse: Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge og går gjennom skogkledte områder og  langsetter blenkjande vatn. Ein syklar gjennom små alléar av velduftande furutrær og  gjennom tronge gardstun der husa står heilt inntil vegen. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å  ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. Berre beitande dyr, vinden som bles gjennom trekronene  og dekka som fer over asfalten gjer at det ikkje er heilt stilt. Ruta har ei totallengde på 31,24 kilometer og ei total høgdestigning på 509 meter. Turen sitt høgste punkt er på 144 moh. Det kjem ein til etter 21 km. Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Følg riksveg 49 sørover til Flatråker, der ein kjem til vegkrysset som tek deg austover, langsetter Flatråkervassdraget. Ein har då sykla 13,4 kilometer. Langs vassdraget er det berre ein asfaltert veg som ein fylgjer. Ein passerer Midtvatnet og kjem etter kvart til Nordbustadvatnet der ein syklar langs austsida av vatnet. Her kjem ein til ei lita stigning på 71 høgdemeter og opp til 144 moh. Her får ein framifrå utsikt over Nordbustadvatnet og nedover dalen. Etter 21,6 kilometer kjem ein attende til riksveg 49 ved Holma og ein tek til høgre i krysset og fylgjer riksvegen nordover attende til startpunktet i Våge. Ein passerer på denne strekninga kommunesenteret i Uggdal der ein kan ta ein avstikkar ned til badeplassen Kjevikjo for å kjøla seg ned. « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Ski-/snowboardområder
Kart | Bilder fra besøkende (1)
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Turstier
Eierbeskrivelse: Stad Husnes. Turkart Folgefonna nasjonalpark Start- og sluttpunkt 1. Ved avkjørsel til Husnes Båthavn. 2. Opsangervatnet bak... mer » Eierbeskrivelse: Stad Husnes. Turkart Folgefonna nasjonalpark Start- og sluttpunkt 1. Ved avkjørsel til Husnes Båthavn. 2. Opsangervatnet bak Statoil/ICA. 3. Søral parkeringsplass ved administrasjonsbygget. Parkering 1. Søral hovudport vest. 2. Bak Statoil/ICA. 3. Søral ved administrasjonsbygget. Merking Skilt ”Søralløypa”. Gradering Grøn. Høgdeskilnad 8 – 40 moh. Tidsbruk 1 - 1,5 time rundturar. Gode råd Fin tur for elektrisk rullestol. Vegar og stiar som høver for lette sko. Vis omsyn til golfspel. Turomtale Forslaget har fleire val, sjå under ”Start- og sluttpunkt”. Omtalen nedanfor er tur/retur P-plass ved Søral hovudport vest. Ta til venstre på grusa sti ved avkjørsel til Husnes Båthavn, over Stabburshaugen og ned til Opsangervatnet. Ein anbefalt tur/retur herfrå er å gå sørvestover frå innkjørsla til Statoil/ICA, langs Opsangervatnet gjennom parken, forbi campingplassen og roklubben og utover Kaldaneset. Søralløypa går vidare på fortau austover til rundkjøringa ”Samspel” og derfrå nord mot Søral sitt adminstrasjonsbygg. 200 meter før P-plassen til høgre på tilgrodd skogsveg opp til riksvegen. Nordover langs riksvegen 400 meter til rasteplass og derfrå 300 meter til busstopp der skogsveg til venstre fører ned att til Søral sitt administrasjonsbygg. Herfrå attende langs fortauet og inn til høgre på grusa sti langs gjerdet mot Søral. Attende til P-plass langs den 1066 meter lange omnshallen. Rullestol: Husnesparken er godt framkomeleg med rullestol. NB: Delar av stien frå nedkjørsla til Husnes båthavn og rundt Søral har delvis ujamnt underlag. « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Turstier
Eierbeskrivelse: Stad Varaldsøy. Turkart Norge 1 : 50 000 blad 1215 ll Varaldsøy. Folgefonna nasjonalpark. Folgefonna – Hardangerfjorden.... mer » Eierbeskrivelse: Stad Varaldsøy. Turkart Norge 1 : 50 000 blad 1215 ll Varaldsøy. Folgefonna nasjonalpark. Folgefonna – Hardangerfjorden. Start- og sluttpunkt Øvsthus, Fjellgardane. Parkering Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen mot Haukanes 4 km til vegkryss før nedkjøring mot fjorden. Herfrå 0,5 km opp til Øvsthus, der det er mogeleg å parkera ved garden. Gjer vel og parker slik at gardsarbeidet ikkje vert hindra og at vegen er framkomeleg for traktor. Avtal gjerne med folk på staden. Merking Informasjonstavle ved start. T-merka og skilta. Gradering Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 240 – 600 moh. Tidsbruk 3 timar t/r. Gode råd Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko. Ta omsyn til dyr på beite og hald grindane lukka. Turomtale Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i furuskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng. Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover til Granvin. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs. « mindre
Kart
Kvamskogen (Kvam)
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Ski-/snowboardområder
Eierbeskrivelse: Kvamskogen er eit skieldorado om vinteren. 1 t. køyring frå Bergen, 10-15 min. frå Norheimsund/Øystese. Alpin, freestyle,... mer » Eierbeskrivelse: Kvamskogen er eit skieldorado om vinteren. 1 t. køyring frå Bergen, 10-15 min. frå Norheimsund/Øystese. Alpin, freestyle, telemark, langrenn og turlangrenn. Aking for vaksne og barn, halfpipeløype. Meir enn 30 alpinløyper, 3 med flomljos. Nord-Europa`s lengste stolheis. 16 skitrekk, 3 barnetrekk. 50 km preparerte turløyper. Godt utgangspunkt for kortare og lengre turar. Flott terreng også på sommarstid for fjellturar. « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Ski-/snowboardområder
Eierbeskrivelse: I Furedalen er det 2 store skitrekk på hver 950 m og et barneskitrekk med tilsyn i skjermet område. Total kapasitet er på... mer » Eierbeskrivelse: I Furedalen er det 2 store skitrekk på hver 950 m og et barneskitrekk med tilsyn i skjermet område. Total kapasitet er på 3050 personer pr. time. Det er 6 alpinbakker med til sammen 7.7 km lengde, flere vanskelighetsgrader. Fallhøyde fra toppen av de store heisene er 205 m. Høyeste skimulighet er 575 m.o.h. I enkelte deler av anlegget er det mulighet for fri kjørebredde. Det er lysløype i hele venstre trase. I tillegg til alpint, egner anlegget seg svært godt for brett og telemark. For de minste er det egen akebakke. Skikro og varmestue er åpne når anlegget er i drift. Skiutleie med godt utvalg i både alpin-, telemarkski og brett. Skiskole for barn og voksne i helger og ferier med til sammen 8 erfarne instruktører. Det er stor parkeringsplass i anlegget for alpinister og for turgåere ved riksveien. Vi har snøkanonanlegg med 20 kanoner for å snølegge heistraseene og både høyre og venstre nedfart. « mindre
Kart