Vi har merket at du bruker en nettleser som ikke støttes. TripAdvisor-nettstedet vises kanskje ikke riktig.
Vi støtter følgende nettlesere:
Windows: Internet Explorer, Mozilla Firefox, Google Chrome. Mac: Safari.

Ting å gjøre i Flora

Navn
Herdalssetra (Norddal)
Vurdert som nr. 1 av 5 attraksjoner i Flora
Kategori: Historiske steder; Landemerker/severdigheter; Gårder; Historiske vandreområder; Historiske museer
Kart | Bilder fra besøkende (3)
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Kunstmuseer
Eierbeskrivelse: Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskaper og utstyr, bøker og modellbåtar. Museet er også mykje... mer » Eierbeskrivelse: Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskaper og utstyr, bøker og modellbåtar. Museet er også mykje brukt som festlokale for gjestar som leiger her og for besøkande på blåtur o.l. Omvisning 2012: 1.juni - 30.august. Grupper (4-30 pers.) etter avtale. Omvisinga gjeld også Galleri Havbu. Her er det utstilling av Gunhild Bjelland sine eigne maleri. Reiseforslag: Du kan ta Fjordglytt frå Florø kl.14.30 og vere i Store Batalden kl.15.15. Sea Service går tilbake kl.16.30.  Vil du kombinere omvising med ein tur på øya, kan du ta kveldsbåten tilbake ca. kl.21.00. « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Turstier
Eierbeskrivelse: La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 495 m.o.h. er... mer » Eierbeskrivelse: La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 495 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik! På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum og kunstutstilling. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur. Turen tek ca 2,5 timar tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng. Korleis kjem ein seg til oppmøtestaden? Florø er lett tilgjengeleg med fly, ekspressbåt og med eigen bil. Det går fly til Florø frå både Oslo og Bergen fleire gongar dagleg. Sjå www.dat.no Ein kan også ta ekspressbåt frå Bergen og Selje. Når ein kjem til Florø tar ein lokal rutebåt ut til Store Batalden. Sjå www.fjord1.no eller www.ruteinfo.net for ruteinformasjon. Med bil frå Bergen: Følg E39 nordover mot Ålesund/Førde/Lavik. Når du kjem til Oppedal tar du ferja til Lavik. Sjå www.ruteinfo.net for rutetider. Frå Lavik følgjer du E39 vidare til Førde. Her tar du av på Naustdalsvegen (veg 5) og følgjer den til Florø. Det tar ca 3 timar å køyre frå Bergen til Florø. Turbeskrivelse: Tid: 1 time kvar veg. Høgd: 492 moh. Lengd: 4 km. Turen startar frå kaia på Store Batalden. Ein kryssar fjæra og går til venstre ved husa. Det er litt merking og god sti oppover. Ein kjem til eit vatn bak husa, og skal gå på venstre side av det. Første del av turen går i nokså flatt terreng over tidlegare innmark før ein kjem over i eit område med delvis ur og fastare grunn. Her går det ganske bratt til ein er omtrent halvvegs oppe. Derfrå er det litt slakare det siste stykket opp mot toppen. På toppen kan ein nyte den fantastiske utsikta over øyriket utanfor Florø! Returen går tilbake same veg. Om ein ynskjer ei lettare oppstigning kan ein gå nordover langs austsida av øya frå kaia. Oppstiginga skjer då frå nordaust, og ein går over berg og lungrabbar heile vegen opp. Denne turen tar noko lengre tid enn den andre løypa. Etter turen til toppen bør ein besøke Batalden Havbu – eit restaurert fiskerimiljø på øya! I husa frå 1800-talet er det både museum og kunstgalleri i tillegg til overnattingsmuligheiter. Her er det gamle autentiske miljøet tatt vare på, og Batalden Havbu har blitt tildelt fleire prisar for si formidling av kulturhistorie. Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild Bjelland som driv galleriet stiller ut eigne måleri. « mindre
Kart
Vær den første som skriver en anmeldelse av denne attraksjonen
Kategori: Natur-/dyrelivområder
Eierbeskrivelse: Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på... mer » Eierbeskrivelse: Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden huser i dag moderne konferanserom til 40 pers, serveringslokale til 140 pers, viltslakteri og kjøkken. Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. OMVINSING: 01. juni - 31. august: Bli med på omvisning og mating av hjort, tirs-fred kl. 11:00. Båtforbindelser: Tysdag og torsdag kl. 09:00 frå Florø Mandag, onsdag og fredag kl. 07:00 frå Florø Laurdag kl. 10:00 frå Florø Det er mulig å ta buss på Svanøy fram til Hjortesenteret og Hovedgården. « mindre
Kart