Enkel og grei booking, betalte alt på forhånd. Blei plukka opp på hotellet og kjørt til butikken kor vi fekk alt utstyret vi trengte for dagen, før vi drog vidare til båten som tok oss ut til Railay.
Var ei større gruppe, men hadde mange guidar. Dei var dyktige og hyggelige, og sikkerheten var godt ivaretatt. Satte opp fleire ruter parallelt (på East Railay), slik at ein berre kunne «stille seg i kø»/hoppe på der ein ønska. Ikkje noko særleg system, så det er ikkje vits i å vere sjenert. Rutene veksla dei etterkvart og ein fekk fine pauser medan ein venta på tur. Var også noko ulike vanskeleghetsgrader på rutene, men alltid nokon dei fleste klarar. Ver dog obs på at fleire selskap og private er tilstades samtidig, så det kan vere litt crowded.
Vi gjorde ein 4-5 ruter på kvar før vi gjekk til lunsj. Svette og fornøgde. Guiden viste oss då til ein lokal restaurant og sendte med oss pengar. Dessverre vart vi matforgifta på denne restauranten (sjå eigen anmeldelse av restauranten Friendship). Dette er grunnen til at vi ikkje gir turen fulle 5-stjerner. Det er i og for seg restauranten som er å klandre, men når turen er lagt opp som den er, reknar vi med å kunne stole på guiden sine anbefalingar. Dermed blir det eit lite trekk. Men dagen og opplegget ellers var fantastisk!
Etter lunsj var det berre oss to og guiden som drog for å utforske Phra Nang Cave. Lyste opp vegen for oss med fakkel. Fantastiske utsiktspunkt og ein kort, men artig rapelleringstur ned frå grotta på vestsida. Vi fekk etter dette tilbodet om å klatre meir, men valgte heller å bruke dei siste to timane på å vandre litt rundt på øya før vi blei med båten tilbake. Transport heilt tilbake til hotellet.
Anbefalar verkeleg selskapet og turen, men ta forhåndsreglar og gjer dine eigne vurderingar kva angår spisested dersom du bookar ein full dag.