Fantastisk opplegg! Vi bestilte to turar via nettsidene deira etter å ha sett dei gode anmeldelsane her på Tripadvisor. Var veldig fullbooka no i høgsesongen, så vi var heldige som fekk plass på begge turane vi ønska. Bestilte med ein gong vi kom til Krabi, men kan nok vere lurt å booke på forhånd på denne tida av året. Veldig smertefritt - betalte eit lite depositum via Paypal og fekk bekreftelse på mail, samt påminnelsesmail dagen forut turen.
Vart plukka opp på Burger king begge dagane og frakta til båtkaia. Drog første dagen til Phi Phi med speedboat. Var vel ein 16-17 personar ombord + 3 fantastiske guidar og 2 båtmannskap. Når ein såg kor overfylte dei andre speedboatane var, med 30-40 personar tett i tett, prisa vi oss lykkelige over å ha valgt Thalassa. Vi hadde det romslig og fint ombord.
Dei fant flotte snorkleplassar, og høgdepunktet den dagen var all haien vi fekk sett. Ellers fekk vi også sett kjente plassar som Maya Bay, kor vi sjølv fekk velge om vi ville av, men det var så overfylt og lite givande, at alle var fornøgde etter å ha tatt nokre bilder.
Lunch spiste vi på ei lita, relativt skjult, perle av ei strand, kor det kun var 2-3 andre båtar. Nydeleg thaimat! Fekk også servert frukt ombord, og kald drikke (vatn, brus, øl) var inkludert. Obs! Dei bereknar forøvrig ca 2 øl per person, så det er ikkje heilt fritt fram.
Etter ein veldig bra dag forstod vi ikkje heilt korleis dei skulle klare å toppe det neste dag når vi då attpåtil skulle ut i longtailbåt. Men neste turen vart den beste avslutninga vi kunne ha fått på vårt opphold i Krabi!
Igjen, god plass i båten! Var 13 stk+ 2 fantastiske guidar og båtmannskap. Kunne rullere på å sitte framme i båten, inne under tak og oppå taket. Kald drikke inkludert også her. Flotte snorkleplassar, fekk sett Nemo, barrakuda og sjøslange. Stoppa på nydelege plassar på Chicken Island, Tup og Bamboo Island - dei er flinke til å skreddarsy turane etter folkemengder, veir og kundane sine ønsker. Og atter ein gong nydeleg varm lunch.
Vi hadde nydeleg veir ut på sjøen, men såg at regnet herja over Railay kor vi skulle avslutte. Det var difor litt usikkert om vi skulle ete middag på stranda der eller i båten, og om vi ville få sjå solnedgangen, men vi drog inn og guidane ville vurdere fet etterkvart. Så etter å ha utforska nokre grotter i duskregnet blei vi enige om å prøve oss på middag på enden av stranda. Vi hadde ikkje før satt oss ned før det begynte å høljregne! Men for ein opplevelse det blei. Alle heiv i seg maten, tok øla i handa og sprang ned i det kokande vatnet. Der satt vi mens regndråpene hoppa i vatnet omkring oss og nytte den fantastiske solnedgangen - i naturens eige boblebad! Minne for livet!
I det vi sprang tilbake til båten trudde fleire av oss at det ikkje kom til å bli snorkling i mørket. Men vi tøffa sakte avgårde, kom frå det verste regnet og venta på mørket. Med lynet blafrande i det fjerne hoppa vi uti med vestene på, og med det var nok eit høgdepunkt på turen sikra! Sjølvlysande plankton omga oss på alle kantar i det vi plaska med hender og føtter - nydeleg!
Så vi hadde to verkeleg fantastiske turar med dei og kan på det varmaste anbefale Thalassa Tours til andre! Dyktige hyggelige guidar, bra snorkleutstyr og roleg atmosfære!