Vi har merket at du bruker en nettleser som ikke støttes. TripAdvisor-nettstedet vises kanskje ikke riktig.Vi støtter følgende nettlesere:
Windows: Internet Explorer, Mozilla Firefox, Google Chrome. Mac: Safari.

Nesland Kyrkje

Er dette din forretning?
Nesland, 3890, Norge
+47 35 06 25 85
Del
Lagre
Se gjennom høydepunkter
Google-oversetting

les mer

Anmeldt 28 juli 2017
olivierc47
,
Le Grand- Saconnex
Les alle 2 anmeldelsene
Kart
Satellitt
Oppdateringer av kart er satt på pause. Zoom inn for å se oppdatert informasjon.
Tilbakestill zoom
Oppdaterer kart ...
Oversikt
Mer
Nesland kyrkje ligg ved vegen frå Åmot til Dalen. Langkyrkja i tre frå 1847 har mange minne frå den gamle stavkyrkja som stod på same staden, mellom anna krusifiks, døypefont, portalar og gapestokk. Kyrkja blei restaurert i 1927 og er dekorert av rosemålaren Øystein Vesaas. Antemensale er skore av Dagfinn Werenskiold. Open etter avtale. Å, der æ vent i Nesland kyrkje når klokkune gjeve dur. Der gjekk eg las fe gamlepresten, å der hev eg stae brur. Gud hjølpe den som æ gamal. Slik lyder det i Kvenne-Karis vise. Og det var gamle Nesland kyrkje som var så ven. Den gamle, særmerkte stavkyrkja som M.B Landstad streid så for å bevare. Det lukkast ikkje. Pieteten for den gamle kyrkja var liten. Den hadde blitt for lita, og ny måtte byggjast. Skulle den gamle bli ståande blei Landstad møtt med spørsmålet: Korleis, og kven skal halde kyrkja ved like? Det var den sten av hvilken den blev knust, skreiv Landstad då han hadde tapa striden. Nesland kyrkje blei riven våren 1847, då den nye kyrkja var ferdig. All bøn for gamlekyrkja var fåfengd. Harmen sin over denne vandalismen ga Landstad uttrykk for i diktet Nesland Kirke: Det var de Neslands Bønder, de vare blevne så små. Ryggen var både lut og kroket, kuften både kort og blå. Det var de Neslands Bønder, de komme med Øx og Tang, rive de ned det Plankeverk, den Kirke er dem for trang. Bryte de sønder de gamle Stave, hårde som Flint og Stål. Tiden har ikke Malmen morknet, nu skal den brænde på Bål. Men Klokken hun tier i Tårnet. No kallar klokka frå den nye, kvitmåla langkyrkja, som ligg berre 20-30 meter frå gamlekyrkja. Av ein eller annan grunn vil det ikkje vekse gras på gamletufta, som har lege svart. Den nye Nesland kyrkje er ikkje noko særmerkt utapå, men inni er ho det. Dei kjende rosemålarane Øystein Vesaas og Knut Grasbekk måla i 1928 kyrkja inni. Dessutan har Erik Werenskiold dekorera altaret med utskurd og fargar. Alt er fint arbeid. Inne i kyrkja heng det ein bjørkestav som er 2,25 m lang, og skal vera høgda på neslendingen Tor Sandok som budde i bygda tidleg på 1700-tallet. Det har vore noko til kar. Det er fortalt om han at han kunne drikke opp seks potter øl utan å bli full. Noko attende til gamlekyrkja. Lite å sjå på utvendig. Frå fyrsten hadde ho hatt svalgang, men denne var teke bort, og dei vyrdelelege stolpane og plankane, stavane, var gøymde under ein bordkledning frå seinare tider. På taket var reist eit tårn. Grunnstokkane i kyrkja var uvanleg store, diameteren var over ei halv mannshøgd. Kyrkja var einskipa, og koret var smalare enn resten av kyrkja. Golvet i koret var tre fot høgare enn skipet, og sto på stolper som eit stabbur. Dette var noko særmerkt telemarksk. Ein kjenner berre til Nesland og Mo kyrkje med denne byggestilen. Kyrkja var lita, ikkje meir enn 8-9 meter lang. Landstad seier ho var den minste kyrkja han hadde sett. Det er eit sagn som seier at ho fyrst var sett opp i Mannås, men at ei hjuringjente tok ho i forklædet sitt og bar ho ned til Nesland. Veggar og tak var måla med vassfargar, og synte bibelske motiv, mellom anna Jesus innset i Nattverden, og englar som blæs i basunar. I taket var måla sol, måne og stjerner. Søylene ved portalen, som no er i Universitetets Oldsaksamling, var særmerkte. Dei hadde utskorne skildringar av Bibelen. I kyrkja var eit røykelseskar, fleire helgenbilete og eit altarskip. Kyrkja hadde og hatt ei gamal altartavle, eit bilete av jomfru Maria med Jesusbarnet. Det var undergjevande. Når sjuke tilba dette Jonsoknatta blei dei friske att, er det fortald. Eit mykje gamalt krusifiks blei berga over frå gamlekyrkja. Det er eit verdifullt minne frå fyrste tida kristendommen kom til desse bygdene. Det blei restaurert og hengt opp i den nye kyrkja i 1929. Nesland kyrkje blei innvigd av Paal, bisp i Hamar, 8 august 1242. Dette står på ein gamal planke frå gamlekyrkja som blei berga og teken vare på. Den er no i Oldsaksamlingane. Eg totte det var tregalege, rive det skruve ne`. Men det vekse so sure eple allstøtt på gamle tre. Gud hjølpe den som æ gamal, heiter det til slutt i Kvenne-Karis vise.
  • Ypperlig50 %
  • Svært bra50 %
  • Gjennomsnitt0 %
  • Dårlig0 %
  • Forferdelig0 %
BELIGGENHET
Nesland, 3890, Norge
KONTAKT
+47 35 06 25 85
Skriv en anmeldelseAnmeldelser (2)
Vurdering fra reisende
Type reisende
Tidsperiode
Språk
Filtrer
Anmeldt 28. juli 2017
Google-oversetting

Mer

Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Anmeldt 15. juni 2015
Google-oversetting

Mer

Denne anmeldelsen er den subjektive meningen fra et TripAdvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
I nærheten
Hoteller i nærhetenSe alle hoteller i Vinje
Quality Straand Hotel & Resort
178 anmeldelser
29,99 km unna
Dalen Hotel
248 anmeldelser
32,27 km unna
Viking Dalen Hotel
1 anmeldelse
32,28 km unna
Morgedal Hotell
40 anmeldelser
40,4 km unna
Restauranter i nærheten
Roan Kroa
5 anmeldelser
17,71 km unna
Quality Straand Hotel & Resort - Restaurant og bar
30 anmeldelser
30 km unna
Bergtun
16 anmeldelser
31,98 km unna
Restaurant Dalen Hotel
74 anmeldelser
32,27 km unna
Attraksjoner i nærheten
Jettegrytene i Nissedal
13 anmeldelser
27,72 km unna
Grimdalstunet
5 anmeldelser
28,05 km unna
M/S Fram Day Tours
7 anmeldelser
29,93 km unna
Gautefall Skisenter
11 anmeldelser
38,01 km unna
Spørsmål og svar
Få raskt svar fra ansatte og tidligere besøkende hos Nesland Kyrkje.
Merk: Spørsmålet ditt blir lagt ut offentlig på siden Spørsmål og svar.
Retningslinjer for innlegg
Send inn
;