Store Batalden

Store Batalden anmeldelser, Flora

Store Batalden
5
Skriv en anmeldelse
Om
La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 495 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik! På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum og kunstutstilling. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur. Turen tek ca 2,5 timar tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng. Korleis kjem ein seg til oppmøtestaden? Florø er lett tilgjengeleg med fly, ekspressbåt og med eigen bil. Det går fly til Florø frå både Oslo og Bergen fleire gongar dagleg. Sjå Ein kan også ta ekspressbåt frå Bergen og Selje. Når ein kjem til Florø tar ein lokal rutebåt ut til Store Batalden. Med bil frå Bergen: Følg E39 nordover mot Ålesund/Førde/Lavik. Når du kjem til Oppedal tar du ferja til Lavik. Sjå for rutetider. Frå Lavik følgjer du E39 vidare til Førde. Her tar du av på Naustdalsvegen (veg 5) og følgjer den til Florø. Det tar ca 3 timar å køyre frå Bergen til Florø. Turbeskrivelse: Tid: 1 time kvar veg. Høgd: 492 moh. Lengd: 4 km. Turen startar frå kaia på Store Batalden. Ein kryssar fjæra og går til venstre ved husa. Det er litt merking og god sti oppover. Ein kjem til eit vatn bak husa, og skal gå på venstre side av det. Første del av turen går i nokså flatt terreng over tidlegare innmark før ein kjem over i eit område med delvis ur og fastare grunn. Her går det ganske bratt til ein er omtrent halvvegs oppe. Derfrå er det litt slakare det siste stykket opp mot toppen. På toppen kan ein nyte den fantastiske utsikta over øyriket utanfor Florø! Returen går tilbake same veg. Om ein ynskjer ei lettare oppstigning kan ein gå nordover langs austsida av øya frå kaia. Oppstiginga skjer då frå nordaust, og ein går over berg og lungrabbar heile vegen opp. Denne turen tar noko lengre tid enn den andre løypa. Etter turen til toppen bør ein besøke Batalden Havbu – eit restaurert fiskerimiljø på øya! I husa frå 1800-talet er det både museum og kunstgalleri i tillegg til overnattingsmuligheiter. Her er det gamle autentiske miljøet tatt vare på, og Batalden Havbu har blitt tildelt fleire prisar for si formidling av kulturhistorie. Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild Bjelland som driv galleriet stiller ut eigne måleri.
Foreslå endringer for å forbedre det vi viser.
Forbedre denne oppføringen
Bli den første til å laste opp et bilde

De beste måtene å oppleve attraksjoner i nærheten på

Området
Adresse
Best i nærheten
Vi rangerer disse restaurantene og attraksjonene ved å vurdere anmeldelser fra våre medlemmer med hvor nær de er til dette stedet.
Attraksjoner
2 innen 10 km

5.0
1 anmeldelse
Ypperlig
1
Svært bra
0
Gjennomsnittlig
0
Dårlig
0
Forferdelig
0

Marit H
5 bidrag
jul. 2016 • Par
Et godt sted å komme for ferie og rekreasjon. Hyggelige folk som driver stedet, og som har restaurert og og delvis modernisert det gamle fiskegardsbruket med saltebuer og gammelt bolighus. Delikat opprette senger og rikelig nok av håndklær og utstyr. Flott turterreng og robåt/ påhengsmotor/ fiske. Grovkjøkken for tilberedning av f.eks fiskemiddager, i tillegg til kjøkken i alle 3 boenhetene. Veldig hyggelig vertskap. Rutebåtanløp ved behov flere ggr pr dag. Butikk på naboøya. Flott feriested for familier og for voksne alene
Skrevet 24. mai 2017
Denne anmeldelsen er den subjektive meningen til et Tripadvisor-medlem og ikke fra TripAdvisor LLC.
Er det noe som mangler eller er unøyaktig?
Foreslå endringer for å forbedre det vi viser.
Forbedre denne oppføringen
Vanlige spørsmål om Store Batalden

Hoteller i nærheten av Store Batalden: Se alle hoteller i nærheten av Store Batalden på Tripadvisor

Restauranter i nærheten av Store Batalden: Se alle restauranter i nærheten av Store Batalden på Tripadvisor