Park Hotel Vossevangen ligg vakkert til ved Vangsvatnet i Voss sentrum, med storslagen utsikt til naturen ikring.
Hotellet har 230 gjestesenger, og eit rikt og fleksivelt tilbud til kurs og konferansedeltakarar.Vi har møterom både for små og store grupper. Vossasalen stod ferdig hausten 2005, og kan romma alt frå konferansar og kongressar til kulturarrangement og messer. På Park finn du den nødvendige ro og fred for gjennomføring av arrangementet ditt.
Mat- og vinhotellet Park har og eit rikt tilbod på kveldstid.
Pianobaren Pianissimo og Cafe Stationen er populære treffstadar.
Restaurant Elysee sin internasjonale a la carte-meny byr på gastronomiske opplevingar i vakre særprega omgjevnadar. Restauranten har ein av dei mest rikhaldige og spennande vinkjellar i Norge, og har fått ein del år fått den prestisjetunge utmerka" Award of Excellence" frå det velrenommerte vintidskriftet Wine Spectator.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.
Gjør krav på oppføringen din