Bestilte bord ut mot havet dagen i forveien. Då vi kom, var bordet opptatt, og ingen andre vindusbord var ledige. Kelnerne sprang som forvirra høns, og vi måtte bare sette oss ned der det var ledig. Då menyen endelig dukka opp, bestilte eg grilla svin...indrefilet. Det som til slutt dukka opp, var eit tørrsteikt flak av svinekjøtt, sannsynligvis tenkt som ein slags snitsel. Ein restaurant som har så lite respekt for gjestene at dei satsar på at gjestene ikkje ser forskjell på ein snitsel og ein indrefilet, bør for framtida bli utan gjester. På toppen av alt tok dei betalt for indrefilet.Mer