På ein tur til Bergen åt me middag på Big Horn. Lokalet er fint, og servicen var ypparleg frå me sette foten innfor døri og til me gjekk ut att! Venleg, humoristisk og kunnskapsrik frå alle me var i kontakt med. Min gamle kjepphest om...at eg vil snakka norsk på ein norsk restaurant helt nesten då eine servitøren skjønte norsk, men svara på engelsk. Han var elles heilt fantastisk.
Kona valde honning- og kvitlauksglasert kyllingbryst som ho likte veldig godt, sjølv valde eg ein biff som eg ba om å få så rå som mogleg, og den var kjempegod og perfekt steikt.
Dei har bra utval i øl, men mitt einaste ankepunkt er at eg tykkjer prisen på alt anna enn standard Hansa pilsner er i overkant høg.
Dei to dessertane me valde, Red Velvet Cookiedough og Creme Brûlee, var kjempegode og heilt greitt prisa. Prisane generelt, bortsett frå flaskeøl, er omlag som forventa, og ikkje noko å klaga på for ein slik restaurant.
For ein som elskar biff var det ei bitteliti gleda å sjå at på andre sida av gata er kontoret til MDG. Eg vonar dei gremjest kvar dag på jobb av å sjå folk kosa seg med nydeleg kjøtmat.Mer