Hei. Det var trist å høyra at de har hatt ein dårleg oppleving hos oss. Dette var ein svært travel dag for oss og personalet var veldig slitne deler av dagen. Det er ingen unnskyldning for å ikkje møta kunden vennleg, men det er iallfall ei forklaring. Det var ein tilsett under opplæring som tok imot bestillinga di, og dessverre klarte han å gjera ein feil, slik at bestillinga ikkje nådde fram til kokken. Uheldigvis skjedde det enda ein feil då de etterlyste maten, og status på bestillinga ikkje vart sjekka opp. Me beklagar sjølvsagt det som skjedde, og at de måtte venta 30-40 minutt på maten. Slik eg forstår det, fekk de tilbod om gratis is og brus som plaster på såret. Dessverre skjer det feil av og til og nokon kan ha ei stressande dag på jobb innimellom. Me beklagar igjen at de vart råka av dette. Vårt inntrykk er likevel at dei aller fleste kundane våre er fornøgd med maten og servicen som vårt unge og blide personale leverer. Me meinar difor det er urimeleg å råda andre til å styra unna restauranten vår.