Hei. Denne dagen var me veldig underbemanna på kjøkkenet, og hadde ingen mulighet til å klara å laga mat til alle som kom til restauranten. Me måtte difor avvisa mange av gjestene. Dessverre skjedde det i dette tilfellet ein feil, grunna dårlig kommunikasjon internt, og gruppa dykkar mottok menyar, sjølv om kjøkkenet ikkje hadde kapasitet til meir. Dette er svært beklagelig, og skal sjølvsagt ikkje skje. Me har forståelse for at dette var skuffande, men det hadde heller ikkje vore noko god løysing om me hadde teke imot bestilling frå dåke og ikkje klarte å levera maten innan rimeleg tid. Teamet vårt er slitne etter ein travel sommar, med lange dagar og manglande personell, og gjorde i dette tilfellet ein feil. Me kan ikkje anna enn å beklaga det som skjedde.