Rosendal turisthotell har bøtter av sjarm og sjel! Slike overnattingsstader er ikkje perfekte og plettfrie, heller ikkje dette hotellet. Men ein kjem til ein stad der ein vert teken godt imot og kjenner seg velkomen. Alle som jobba på hotellet gjorde kva dei kunne for at me som gjester skulle få eit godt opphald.
Sjå vedlagde bilde av solnedgangen ein septemberkveld i Rosendal. Heldige var me, som etter ein lang dag med fottur i fjellet, fekk sitja på denne hotellaltanen og følgja solnedgangen!
- Gratis Wi-Fi
- Gratis parkering