Me kom til hotellet ut på ettermiddag, parkerte på gratis parkering rett utanfor hotellet. Innsjekkinga gjekk kjapt og greitt og me fekk eit rom med ein liten balkong. Rommet var reint og fint, senga var god.
Dessverre var restauranten stengt denne dagen.
Frukosten er berre open ein god time, dei serverte ingen varm mat, men servicen var god, matsalen pen og maten som vart servert var det ikkje noko å utsette på.
Mange hotell vil nok gje deg meir igjen for pengane.
- Gratis Wi-Fi
- Gratis parkering
- Besøk hotellets nettsted