Den tre-retters (eller fire-retters?) middagen vår var heilt på topp. Med fast-meny, der det einaste gjesten kunne påverke var avvik frå menye p.g.a. allergiar, var det spennande å sjå kva som vart servert. Vi fekk nydeleg skalldyrsuppe (på fast-menyen) og topp-kvalitet tomatsuppe (alternatiet), steikt andebryst med tilbehør, og crême brulét og bringebær-sorbét som dessert, og mango- / appelsin-"crush" som "mellomrett". Sjarmerande matsal i historisk hotellbygning. Topp service, med vennlege servitørar som også tok seg tid til å fortelje litt om staden og svare på spørsmål. P.g.a. corona-situasjonen må gjestene bestille bord på førehand, og det var to bordsetningar - kl. 18:30 og 20:30. Vi hadde bestilt til 18:30, fordi vi skulle reise vidare, og p.g.a. rushtrafikken ut frå Ålesund mista vi ei ferje. Vi ringte og varsla om at vi først kunne vere på plass 18:50 (20 minutt etter at serveringa starta), og fekk opplyst at vi kanskje ikkje kunne få forretten når vi kom seint. Men da vi kom, vart vi straks tekne med til bordet, med orda "Oss he venta på dokke, velkomne hit!", og forretten kom nesten med ein gong (med "gloheit" suppe). Kuvertprisen er nokså høg - men som ei "once in a lifetime"-oppleving er det moro å ete middag i eit slikt miljø - der kongar, dronningar,forfattarar og komponistar har veore på besøk gjennom dei siste 130 åra, og der gjenferda framleis skal finnast lenger opp i etasjane. Men - heilt objektivt sett dreg den høge prisen urlite grann ned på kriteriet "value for money". Litt lågare pris ville ha gitt "excellent" også på dette.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.