Vi bestilte bord til 12 personar 3 timar før ankomst. Snakka på telefon med ein svært hyggeleg og imøtekommende kelnar som sende oss menyen så vi på førehand kunne bestilla mat for å unngå for lang ventetid når vi kom. Fabelaktig service.
Maten kom raskt på bordet. Fantastisk antipasti med skinke og crostini ++. Nydeleg heimelaga pasta og original og velsmakende salviepesto til gode tortellini. Vi hadde bestilt Fiorentina steak og var ikkje heilt førebudd på kva dette var. Litt spesielt med såpass "rått" kjøt, men vi fann det svært velsmakande og delikat tilberedt. Høg kvalitet. Kelneren kom og spurte om nokon ønska kjøtet meir steikt, enkelte i følget sette pris på det. Vi bestilte også dessert, og alt smakte nydeleg, både tiramisu, grapefruktsorbet og creme brulee.
Restauranten er ei perle, ligger flott til øvst i ein liten fjellandsby og med vakker utsikt over dalen. Bestill bord på verandaen om mogleg.
Vi ville reist tilbake hit dersom vi var i området igjen.