Måndag 22.Nov. var ein kamerat og eg på Smeltehuset for å eta middag.Me fann eit bord ,tinga mat frå menyen og betalte med VIPPS.Etter ei stund fekk kameraten maten sin, men eg fekk ingenting.Då eg spurde kelnaren, fekk eg til svar at dei berre hadde fått ei tinging frå bordet vårt.På telefonen min sto det at eg hadde betalt til Smeltehuset,men kelnaren sa at dei ikkje hadde fått hverken tinging eller betaling. Han sa vidare at eg kunne tinga og betala på nytt eller han kunne henta baguettar frå frysaren.Eg var ikkje interessert i nokon av forslaga hans, og meinte at dette var ei sak mellom VIPPS og restauranten, men fekk til svar at dette var ei sak mellom meg og VIPPS.Gjekk derifrå for å få mat ein annan stad, og meinar framleis at dette er ei sak mellom VIPPS og restauranten. Tykkjer dette var ELENDIG service , og det skal verta svært,svært leeeeeeeeenge til eg går på Smeltehuset att.