Vi var ei lita gruppe speidarar og foreldre på 14 stk som var på Galdhøpiggen i siste halvdel av august. Godt å sleppe å slå opp telt seint på fredagskvelden; vi var heldige som fann litt ledig plass her. Vi hadde folk på forskjellige rom; stabburet, loftet, biblioteket og leiligheta/rommet tvers overfor. Eit ope opphaldsrom mellom desse brukte vi til felles "matstasjon". Dette er veldig gamle bygningar som står slik dei var bygde fleire hundre år tilbake, så nokre dører må ein bøye seg for å komme gjennom (i dei bygningane vi var). Inne var det reint og fint, og veldig koseleg tillaga i dei gamle gardsbygningane. Eit flott gardsmuseum i den gamle stova nedanfor. Der kunne vi fyre på peisen og samle gjengen om kvelden. Også fin plass rundt bålpanna ute. Veldig hyggelege vertsfolk! Om vi arrangerer fleire turar i dette området, kan vi godt tenkje oss å bu her. Dei har plass til ganske mange om ein bestiller tidleg.