La Voile varT ei SÆRS positiv overrasking! (Vitja restauranten for første gong 21. april 2018.)
Fint og reint lokale, ei hyggeleg og vaken Kvinne oppvarta oss på framifrå vis, og bakgrunnsmusikken var òg særs høveleg. (Ikkje invaderande.)
Då me ved ankomst fekk to våte og varme klutar til bordet for handvask, forstod me at dette kunne bli bra. Og me vart ikkje skuffa.....
Personleg hadde eg ikkje noko å kritisere. FULL UTTELJING!
Eg åt ein smakfull og særs delikat biff tartar til forrett, og EBI NO TERIYAKI (Steikte tigerreker med wokgrønnsaker og teriyakisaus) til hovudrett.
Reisefølgjet mitt tinga tigerreker i cognacsaus. Også det særs velsmakande.
Men medan mine steikte tigerreker med wokgrønnsaker og teriyakisaus vart servert på eit GLOVARMT fat, vart min partners tigerreker i cognacsaus servert på eit KALDT fat.
Hadde partneren min sitt fat vore varma før servering, ville La voile fått full utteljing hjå oss. Så me håper La voile har funne ei løysing slik at all (varm) mat vert servert på varme fat neste gang på til neste gang me kjem....
Også vin-anbefalinga var tilfredsstillande.
La Voile er ei PERLE i Måløy!