Hei og takk for tilbakemeldinga di.
Eg har forståelse for at du reagerer på dei punktene, men håper eg får lov til å forklare litt. Denne veka var det Tysnesfest, på festivalen var det 26 000 besøkende i ein kommune der det normalt er 2800 innbyggere. Det gjer at me må forenkle konseptet vårt veldig sånn at me klarer å ta unna dei ekstra gjestene. Det er ikkje ideelt, men me prøver å gjer det beste utav det, sånn at systemet fungerer heile tida. Det virker nok litt rart når det er glissent/mindre gjester i restauranten. Men litt før/etter kan det plutselig vera overfullt, så då må me nesten kjøra det konseptet heile tida under festivalen. Veldig kjekt at de likte maten, den jobba me mykje med for å sikra kvalitet i store kvantum :)
Takk for tilbakemelding, me tar det med oss til neste år og prøver å finpussa på modellen.
Vonar de kjem tilbake ved seinare anledning :)