Etter å ha bestilt bord på telefon, kom me fram sultne 2 familier. Når me endeleg fikk kontakt med dei i baren, fant dei ingen bestilling på oss (sjølv om eg viste fram kvittering). Me skulle få eit bord, men fikk beskjed om at det kunne ta lang tid å få mat. Eg gikk tidleg i baren og bestilte mat og drikka. Etter ca 30 minutt kom maten. Me etterlyste då drikka som enda ikkje var komt, det samme med fat og bestikk. Eine pizzaen med annanas, kom sjølvsagt utan annanas (fikk beskjed etterpå at dei var tom). Ville bestille ei øl og, men det og var tomt. Etter maten ville barna ha dessert. Gikk i baren igjen for å bestille, men fikk då beskjed om at dei var tom for pizzabunn (sjølv om eg berre skulle ha dessert!). Etter å ha forklart at me hadde spist pizza, fikk eg endeleg bestilt dessert og kaffi. Kaffien som me til slutt måtte henta, var sjølvsagt iskald!?! Prøvde å gi beskjed om dette, og fikk då ein til like kald. Dei skulle til slutt sette på ny kaffi, men etter 20min gikk me berre.
Alt i alt, elendig service og kundebehandling. Kjem ikkje til å gå der igjen i alle fall…
Synd me ikkje leste trupadvisor før me gikk….