Beste campingen me har besøkt.
Bestilte plass på nett tidleg og valgte den beste tomta dei har, rett ved leikeplass og sanitæranlegg. Har vore her ei heil veke.
Nydeleg sanitærfacilitetar. Og eigne barnebad som verkeleg slo ann. Veldig positivt med badebaljar til baby.
Vår eldste på 3 år har storkosa seg med trolldamene som har aktivitetar på dagen, med leikeland og hoppepute, og på den på den vesle leikeplassen. Rock and Tråll vert djupt sakna når opphaldet no er over.
Veldig kronglete å få parkert med vogn ved innsjekk sidan parkeringsplassen gjer det vanskeleg å ta U-sving inn på innsjekkingsplassane. Blir fort veldig vanskeleg når 3-4 vogner kjem på samme tid. Innsjekk forøvrig var heilt smertefritt og personalet triveleg.
Har potensiale til å bli bedre på rydding, det slenger rundt ein del småplast ballongrestar etc. (Me har sjølvsagt plukka det me såg).
Programmet som me fekk utdelt i konvolutten ved innsjekk, som forøvrig er heilt likt det som er slått opp på tavlene, ser ikkje ut til å stemma alltid. Oppdatert info på nett, men det forhindra ikkje at me måtte trøysta 3 åringen som hadde gleda seg til ansiktsmåling.
Veldig stor variasjon på servicenivået på kelnerane på Bergtatt. Maten er jevnt over veldig bra. Pizzaen var ikkje all verden, men alt det andre me smakte var absolutt heilt supert (falaffel, burger, biff og pulled pork), me satte stor pris på at me fekk lov å ha med hunden på uteserveringa. Levering av brødvarer til vogna var også knall.