Vikingar er spanande, det er ikkje til å kome unna. Ein sprelsk svenske lærte gutane mine å fekte på vikingmåten, med skjold og sverd eller øks. Vi var med på vikingquiz, kasta øks og tvinna halskjede. Det var nokre bodar som selde diverse mellomaldergreier. Me lot oss friste til å kjøpe eit tresverd og ei pyntenål.
Alt var eigentleg ganske fint, men det var fort gjort. Me brukte halvannan time og så hadde me eigentleg gjort det meste.
Gutane lekte med sverda sine på den store plenen på utsida museet og me åt ein is, så me fekk brukt ein ekstra time på det.
Fint, men fort gjort.