Vi kom til hotellet etter å ha sykla ca 3 mil, og var slitne og svoltne. Vi hadde gleda oss til noko annan mat enn nistematen vår, men så innmari skuffa vi blei då maten blei servert. Det var KUN vegansk mat, og ikkje alternativ mat til dei som ikkje er veganarar. Så dette hotellet er for ei innmari snever kundegruppe som ferdast i fjellet. Det syns vi var heilt fantastisk at det ikkje var alternativ for oss som et norsk tradisjonell kost. Vi hadde med oss ein liten gut på 1 1/2 år, og vi spurde om vi kunne få havregraut til han slik at han fekk noko kjent mat. Havregrauten som blei servert var som betong, store havregryn, tjukk, seig og totalt smaklaus. Ikkje kunne vi ha smør i den for det hadde dei ikkje, og vi prøvde å tynne den ut med melkeerstatninga deira, men til liten nytte for den var fortsatt ikkje god. Han ville knapt nok smake på den.
Når vi prøvde å sei fra at vi hadde forventa oss tilbud om annan mat, fekk vi til svar at dei hadde fokus på helse og yoga. Og det er greit nok det, eg trenar sjølv yoga og tenker helse i kostholdet. Men kva er helse..? Det er forskjellig frå menneske til menneske. Og som omtrent einaste mogelegheit for overnatting på Golsfjellet i eit fantastisk område for sykkelturar for heile familien syns vi det er utruleg at dei tillet seg å kun servere mat til veganarar. Vi kan godt smake på maten deira, det er ikkje det. Morgonen etter måtte vi vekke personalet for å få veganer-frukost, i håp om at det var noko der som smakte og gjorde oss mette.
Vi reiste derifrå utan matpakke og svoltne, og vi skulle sykle nær 5 mil den dagen med minsten i sykkelvogn.
Nøsen; DETTE ER ALTFOR DÅRLEG TILBOD TIL FOLK SOM FERDAST I FJELLET!!!