Lillavendel er vel verdt ei besøk. Nydeleg kafé, med eit interiør som ein berre må nyta. Handbroderte dukar på borda, rulla glatte på gamaldags trerulle, noko som gjev dei og heile rommet ein dåm av heimleg hygge. Serviset er gamalt og vakkert og kaffi i tynne koppar smakar, som alle veit, ekstra godt. Kaffien var i det heile ekstra god. Dessverre gløymde eg å spørja kva slags kaffi det var, men vil tilbake her, så det får eg nok vita. Maten smakte som forventa, veldig godt! I den litle butikken sel dei sjølvproduserte såper, kremar, lys med lukt m.m.. Mange andre fine gåver har dei òg. Utmerka service av veldig hyggeleg og imøteomande vertskap.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.