Denne sommaren har vi reist rundt Sør-Norge, med campingvogn på mange ulike campingplassar. Ingen er så bra som Jølstraholmen! Sanitæranlegget er upåklageleg. Flotte bad, gratis dusj (!!) og eit fantastisk familiebad. Jentene våre på 6 og 9 år elska leikeplassen. Trampoliner, zipline, sandkasse, vannsklie og diverse andre "apparat". Spar-butikk og kafè med god mat på området. Vi har vore her tidlegare, og var like fornøgde då. Vi kjem att fleire gongar - definitivt!