Dette hotellet har dei finaste romma eg har budd på! Inspirerande interiør i gjennomført vintage stil i ein koseleg spisesal, samt vakre uteområde og hage. Hotellet ligg rett ved sjøen kor ein kan ta seg ein herleg dukkert i det friske fjordvatnet, før ein hoppar i badstuen med utsikt til fjorden. Det er også kort veg til fantastiske turstiar til blant anna Bondhusvatnet og Folgefonna. Maten på hotellet utmerka seg også, med gode lokale råvarar, himmelsk sirupsbrød og svært hyggeleg betjening. Eg tilrår alle å ta turen hit!