Me var fire vaksne og fire born i same familie som skulle ete lunsj her, så me sette saman to bord ute. Då kom dei og drog vekk borda (grunna covid-19), og sa at me ikkje fekk lov å sitte ilag. Inne kunne me i alle fall ikkje sitte, for der var det ikkje lov med barnevogn, som det så fint stod på skiltet. Me bestilte to hamburgarar, éin utan tomat og éin utan sylteagurk. Då dei kom med maten var begge med tomat og sylteagurk. Me sa ifra, så dei tok med maten inn igjen og kom tilbake med dei utan tomat og sylteagurk. Men at det var småbitar med tomat i salaten, det stod det ingenting om, og var ei lite hyggeleg oppleving for ein allergikar.. Ikkje stod det at hamburgarane var med bbq-saus heller, så den klarte ikkje ho som bestilte den å ete.
Då me tok opp matboks med skive til dei to babyane fekk me grei beskjed om at medbrakt ikkje var lov! Me forklarte at det var det babyane kunne ete, og nølande fekk me lov å gi dei det. Men dei to litt eldre ungane fekk IKKJE lov å ete av skivene! Nei, veit du kva..når det er slik dei behandlar lokale besøkande, tørr eg ikkje tenke på korleis det er å besøke dei som turist...
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.