Gjesteheimen held til i det som ser ut til å vere ein tidlegare alders-institusjon. Alt på eitt plan, alle rom har direkte utgang til grøntområdet ved fjorden. Uformell atmosfære, mest familiefolk og aktivitets-turistar. Nøktern standard, men prisnivået er tilpassa dette. Reint og ordentleg. Gjestekjøkken til disposisjon. Kan også bestille ferdig frukost, men denne blei litt forsinka i mitt tilfelle. Det er ingen fullservice hotell i Vanylven, så dette er eit kjærkomment tilbod.
4
2
1
0
0