Tenerife Playa er eit roleg og reint hotell. Du får ikkje noko ekstra når det kjem til service, og du må tåle at dei som arbeider i resepsjonen verker lite interesserte i å hjelpe. Rommene er fine og balkongen er passe stor. Sengene er veldig harde, men med gode puter. NB: Balkong mot havbassenget har verken morgon- eller ettermiddagssol.
Bassengområdet er fint, men i februar var bassenget nokså kjølig. Eit stort minus er at folk reserverer dei beste solsengene, sjølv om det står i reglane at dette ikkje er lov. Men dersom du er tideleg oppe, kan du kapre deg ei seng i sola.
Frukosten har stort og godt utval av brød- og bakevarer, nokså godt utval i pålegg og dårleg utval av frisk frukt og yoghurt (syntetisk). Eit pluss er at du kan lage deg Mimosa (champagne og ferskpressa appelsinjus).
Området har mange restauranter. Mange fotballpuber er eit stort pluss!
Godt og varmt i sola, men kjølig på kveldane i februar.