Kvar gong på Madeira, når fyrste gråveret kjem drar me til Madeira Shopping.
Der er det ikkje så mykje å gjera, anna enn å gå på Modelo, ta ein øl på terrassen dersom ver til det og til slutt eta lunsj på Yuan Sushiwok. Har alltid funne eit bord ved vindauget, fint å sjå ut over landskapet.
Kinesisk og japask buffet til utruleg verdi/pris.
Det beste med Yuan Sushiwok er i grunnen at ein ikkje kjem hit så ofte, det verste at ein aldri greier stoppe etinga tidsnok. Magen vert mett lenge før augo. Det er ikkje å laste Yuan for.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.