Hotellet ligg i Lido-området med gå-avstand til butikkar,post,minibankar og ein mengde resturantar. Litt bratt ned til sjøen,men det er råd å koma fram utan trapper! Det er mange trapper i området,det gir god trening! Det er to ikkje så veldig store handlesenter i gå-avstand frå hotellet. Ein positiv ting var at bagasjebil fylgde transfer-bussen,og personalet på hotellet tok imot bagasjen og frakta den opp til leiligheita vår. Mini-kjøkenet var minimalt utstyrt,men me stilte ikkje så store krav og greidde oss godt med det utstyret som var. Sengene var gode og me sov for det meste godt der. Eit minus var mykje hundebjeffing,særleg om kveldane. Også ein del støy frå trafikk var forstyrrande.Me reiser gjerne tilbake til dette hotellet!