Siste kvelden på Kreta.
Fann omtale av denne restauranten i eit blad ute på flyplassen. Fant også eit bilete av ein rett som såg svært god ut, så vi ville prøve ein kveld. Svært hyggelege tilsette hjalp til med bord og mat- og vinmeny kom fort på plass. Avbilda rett viste seg å vera frå fjorårets meny, så vi hadde å finne noko anna. Vi var heller ikkje kjempesvoltne etter ein gyropita tidlegar på ettermiddagen, så ein "HANDMADE CRETAN PASTA WITH WILD BOAR SAUSAGE & BACON" og ein "SEARED CHICKEN FILLET & VEGETABLE HASH, PAPADAKIS FARM BONELESS THIGH & APPLESAUCE" vart bestilt. Båe heilt usedvanleg velsmakande. Carbonaraen er utvilsomt blant dei to beste rettane eg har smaka i år, og like utvilsomt den beste carbonara ever. Fekk prøvesmake på kjuklingen, den smaka også himmelsk. Dette saman med god vin vi fant saman med den hyggelege vin kelneren. Alt var også ganske hyggeleg prisa og når ein tar matopplevinga med, blir det eit scoop. Sjølv med div. tilbehør. Lysår unna det meste. Endå ein grunn til å dra tibake til Chania, altså. Heilt til slutt må me få rose ein raud-håra kelner frå Θεσσαλονίκη?, usedvanleg hyggeleg og med omsut for vårt bord, virka det som.