Morsom plassering av campingplass, so å seie midt i "sentrum" av den lille plassen Siglufjordur. Vegen går tvers gjennom dei to små grasslettane som er sett av til camping. Her har du flott utsikt til havna og alt og alle som rører seg her, og alle ser på deg. Sanitæranlegg i ei "brakke" att med. Det er ikkje heilt klart kor man skal henvende seg ved ankomst, for det er ingen der. Men det er berre å slå opp telt der man vil, og so kjem det etterkvart nokon forbi som tar imot betalinga, som er ganske rimeleg. Kjempefin plass å rusle rundt i, dessutan finner du Islands beste museum her, Herring Era Museum. På turistinformasjonen i biblioteket får du gode turtipps. For ein natt var denne campingplassen heilt ok, og det var jo heilt topp at den i det heile tatt var der!
6
8
4
2
0