Fint, sjarmerande hotell med historie, gode fellesareal og eit godt rom mot stille gate, fint for 4 nettars opphald, sjølv med regn. To stolar og god plass og lys til å lese; bl.a. interessante "Byen og hotellet. Grand hotel 1830 -1997".
God dusj. Svt 1 og 2 er bra, men internett fungerar ikkje — til tider — eller svært dårleg. (''Hmm. Vi har problem med å finne nettstaden'', etter 10 sekunds inaktivitet)
Vasskokar — ikkje kaffetraktar/kaffemaskin som opplyst.
Ikkje kaffe, reingjering, nye håndkle eller t.papir utan å be om det i resepsjonen. Koronatiltak kan hende, men på fire dagar...?
Svært mjuke madrasser.
OK med kveldsmat — når den fell i smak. Dyrt når den ikkje gjer og på fire kveldar savnar ein å gå ut og ete også, sjølvsagt