Mest som Bodøs svar på Bondeheimen i Oslo, men hyggelegare lokale. Reint og ryddig. Ikkje noko fjas. Fint å sitte med utsyn over havna og havet. Brukbare kjøttkaker. Ellers berre kjøtsuppe som kan kallast tradisjonsmat. Å kalle ein einaste rett frå menyen for husmannskost – slik enkelte gjer — er jo historielaust. Husmannskost var vel vassgraut, vassgraut og vassgraut. Sjølv-odla rotgrønnsaker og salt sild til stas? I alle fall i øvre Telemark. Fiskarbøndene langs kysten hadde nok heller ikkje oksesteik som kvardagsmat, som er det siste eg har sett omtala som husmannskost. Me bestilte øl til maten, tok det som sjølvsagt at det vart servert 0,5 l, men fekk to små "dameglass". Vår feil, kanskje?
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.