Eg bur alltid på Terminus når eg er på jobb i Oslo, så sant dei har ledige rom. Lite hotell med finfin plassering. Størrelsen på hotellet gjer at eg svært sjeldan treng å stå i kø for inn- og utsjekk eller i frukostsalen. Dei som jobbar her er venlege, romma har grei standard og frukosten er veldig god.
Det hender at det er litt kaldare enn det burde vera på rommet. Det er mange dårlege vindauge som burde vore skifta ut, og romma har ikkje ein termostat slik at ein kunne ha stilt opp temperaturen.