Rom 256, suverent godt rom og ditto by-/kai-/hav-utsyn, perfekt plassert i vakre omgjevnader i perla Arendal.
Bruka 'gjennomgåande' Tyholmen p-hus omlag eit steinkast (62 meter) unna. Både billig og nært. Fyrste parkeringshuset me har følt oss vel i, i den grad det går an?
Korona-sprit tilgjengeleg over alt. Også i matsal med buffet og div felles serveringsbestikk; klyper, auser mm. Heilt topp — kunne det ha vore — var det ikkje for ei rad småting. Av interesse for andre kan jo vera
1) Tullete toalettdør, dersom ein ikkje set pris på å fortsatt kunne fylgje med på TV frå doskåla — med stengt dør! Svært lite privat.
2) Ganske bra frukost, men ikkje bacon — om ein ser bort frå bacon-flisa på kvart speilegg, og som andre skriv var varm-maten alt kald på andre "korona-bordsetjing".
3) Ikkje stikkontakt ved senga. Det vart eit salig ladekabelkaos.
4) Mini nattbordet i golvhøgde+, Måtte bruke senga/golvet som nattbord — eller stå opp.
5) Pinglete dusjstråle, men verre, med såpevåte grep var det mest uråd å opne for vatn att.
Detaljar, men irriterande og mange av dei.