Budde to netter i samband med reise til og frå i jula. Hotellet er fint, huggeleg og sentralt plassert. Diverre trekk sørvisen i restauranten eine kvelden ned heilskapsinntrykket. Vi tinga mat for å ete på rommet. Då vi pakka ut maten viste det seg at halvparten ikkje var til å ete, for det hadde stått og venta på at resten skulle bli ferdig. Vi gjekk ned til restauranten for å klage, men fekk beskjed «at sånn blir det når ein tingar mat som tek ulik tid å lage». Kom korkje forslag om at de skulle gjere eit nytt forsøk eller at vi skulle få pengane attende, sjølv om dei var samd i at maten ikkje var godt nok. Etter å ha klaga til resepsjonen blei maten delvis kreditert. Rema 1000 er heldigvis rett i nærleiken og er open seint.Mer
- Gratis Wi-Fi
- Restaurant
- Besøk hotellets nettsted