Me hadde ein fin kveld her for å feire årsdagen vår. Servicen var veldig hyggjeleg og oppmerksam. Me valte havets sharing, der ein får delt på ulike typar sjømat og pommes frittes. Det skulle eigentlig følgje med brød, men det fekk me ikkje. Men me gløymte òg å spørje om det. Dei var tom for hummar så me fekk sjøkreps i staden for, noko dei òg opplyste oss om på forhånd. Det var rikeleg med mat: ein stor porsjon dampa blåskjell, to sjøkreps med ertestuing, mykje pommes frittes, 4 kamskjell og taskekrabbe. Sjøkrepsene var ok, men særleg kamskjellene var veldig gode. Dei var akkurat som dei skulle vera og smaka fyldig og søt. Til dessert hadde me sjokoladekake med is. Kaka hadde ein god og fyldig sjokoladesmak og kan anbefalast. Sidan me ikkje drikk alkohol spurde me om to alkoholfrie cocktails. Det er noko dei kanskje treng å øve seg litt meir på. Men alt i alt, var det ein ovleg fin kveld med god mat og utmerka service!
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.