Dette er eit flott hotell, heilt i toppen av prissjiktet i Bergen. Rommet var ordinært, alt var bra, men dyrt til å ikkje tilby noko ekstra. Servicen ved ankomst var også mager, tok tid før nokon kom og ein var ikkje på tilbodssida. Eit litt skralt førsteinntrykk første ettermiddag blei derimot heva mange hakk ved frukosten. Eit stålande utvalg a la carte, supplert med ein god buffet, og utmekra service. Godt utval i juice, smoothies ++ trekker ytterlegare opp. Me hadde afternoon tea lørdag ettermiddag, også utmerka.