Opplevinga på Cornelius vil vi huske lenge. Transporten frå Bergen Sentrum med båt var koseleg og praktisk. Vi starta kvelden i Råbaren, eit spennande konsept. Her fekk vi ein interessant presentasjon av sjømat, av ein genuint interessert deleigar. Vi gjekk vidare til bordet og den bestilte 5-rettaren. Maten var av ypparleg kvalitet. Det seier på mange måtar sitt når ein herlig ovnssteikt torsk, med ein meget god saus, framstår som kjedelig samanlikna med dei andre rettane. Vi kjøpte også ein vinpakke til maten, der vi fekk ny vin til kvar rett. Oppsummert var kvelden magisk. Her kunne vi kosa oss mange timar til! Vi vil nok absolutt kome tilbake hit.
Det skal nemnast at ein på mange måtar får det ein betalar for, prisane er høge, dermed var det også høge forventningar. Men dei infridde!