Eg fekk ein god pris på juniorsuite då eg bestilte i jula, men hadde likevel forventa noko betre med tanke på beskrivelsen på nettsida (ellers hadde eg bestilt standardrom). Rommet var romsleg, men "tomt" og kaldsleg utan bilder o.l på veggene, og gamalt og slitt parkettgolv. Ingen speigel på rommet (kun bad), og heller ikkje noko bord inntil sofaen. Kulepenn mangla også, usikker på om det var badekåper der. Kan ikkje sjå at dette rommet hadde nokon andre fordelar i forhold til standrad rom enn at det var romsligare. Luksusfølelsen mangla heilt! Sengene var gode, men eg sov veldig dårleg på grunn av at ventilasjonsanlegget dreiv og slo seg av og på i eitt sett heile natta, og klikkelyden var såpas høg at eg våkna av den. Då me dusja rann det vatn utover store deler av badegolvet. Frukosten var veldig god! Resepsjonisten som tok imot oss fredagen lova oss poeng for kjøp av mat i restauranten, men resepsjonisten laurdagen ville ikkje gi meg poeng for to betalande frukostgjester me hadde med oss på laurdagen. Beliggenheten til hotellet er god - nært det meste. Synes det var for mange ting på minussida til at eg vil gå for dette hotellet igjen.Mer
USD 215

Vis tilbud