Var på hotellet ei helg i lag med eit følge på ca 30 stk. Ved innsjekk prøvde eg å få resepsjonisten til å legge inn kundenummeret mitt, men null interesse for det. Fikk derfor ikkje registrert dette, og heller ingen av godene av å vere Thon medlem. Dag 2 kom vi tilbake til hotellet, og hadde ikkje fått nye handduker - dei gamle låg der fortsatt. Ved avreise fikk eg beskjed om at eg hadde hatt med 2 ekstra gjester til frukost!!!!, noko eg aldelses ikkje hadde. Ingen som spurde kva rom vi hadde, så korleis dei kom fram til dette aner eg ikkje. Eg fikk beskjed at resepsjonisten skulle ordne dette. Då vi satt i bussen før avreise kom ein ny resepsjonist ut og det blei ropt opp i bussen at eg ikkje hadde betalt for denne frukosten og ikkje fikk reise. Snakka også med denne resepsjonisten, som ville ordne dette. Det er eit hyggelig hotell, men mitt inntrykk er at der var ei i resepsjonen som ikkje hadde peiling på jobben sin, som gjorde at det blei ein negativ opplevelse.