Gjekk tilfeldigvis forbi denne for meg nye plasse (låg ein persisk restaurant her tidlegare) på jakt etter ein seinmiddag. Namnet verka fantasilaust (burde i tilfelle gjere litt meir ut av den indiske filmindustrien i tilfelle?). Interiøret var nytt og stilig. Ei ung jente var åleine og serverte dei kring 8 andre gjestane der og meg, noko ho tilsynelatande klarte heilt fint.
Eg bestilte ein tikka kylling som ganske raskt med masse godt tilbehør i mindre skåler til. Smakte godt, akkurat som forvente. Dette kunne ha blitt servert på ein litt dyrare plass og, så her kjem eg gjerne tilbake.
Ein artig detalj var at tallerknane hadde logoen til BUL (Bygdeungdomslaget) på, og blei forklart at familien som dreiv plassen faktisk hadde kjøpt serviset på gamle Gimle. Kanskje ikkje heilt forventa på ein indisk plass, men gjenbruk er jo veldig bra!