Dette hotellet (romma) er moden for oppussing, og så vidt eg har fått med meg skal dette skje allereie seinare i år. Det blir nok veldig bra. Når det er sagt, er det likevel mykje som fungerer veldig godt på hotellet slik det framstår i dag. Fellesarealet rundt resepsjonen er koselig, og her får du gratis kaffi og te døgnet rundt. Eit besøk på hotellets restaurant, Altona, er eit must. Heilt nydeleg mat og service i eit unikt lokale. Personalet er veldig blide og imøtekommende, og service i forkant av besøket, og under besøket, var upåklageleg. Sjølv om rommet vi budde på nok har sett betre dagar, er det mykje fint å seie om dette også. Veldig kjekt med stor smart-TV. Fint bad med eit godt badekar. Produkta frå Fitjar luktar heilt nydeleg, og er alltid eit gledeleg gjensyn når vi besøker eit hotell frå De Bergenske. Vi sov godt om natta, i ei god seng. Gler oss til å besøke dykk att når hotellet har fått ein make-over 😊