Me har tidlegare berre hatt godt å seia om mat og sørvis på restauranten på Fløttmannsplassen. Men denne gongen gjekk me frå restaurant Aster med blanda oppleving. Ein av oss tok forrett, som hadde gode smakar og innfridde forventningane. Men så kom den lange ventetida på hovudretten. Det tok 1 1/2 time frå me bestilte mat og til hovudretten vart servert. Noko me og tok opp med dei tilsette undervegs, og ved avslutninga av besøket. Det var lite gjestar utanom oss, så det kan ikkje vera grunnen til den lange ventetida. Maten smakte, men sørvisen var heller fråverande. Vi forventar meir av ein restaurant som reklamerer med: “Vi ønsker å gi deg en restaurantopplevelse som er unik og forankret i høy kompetanse……. Og som alltid setter gjestens totalopplevelse i sentrum”.
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.