Me budde her ei natt tidleg i januar 2022. Eg vil ta alt de me sette pris på fyrst.
Resepsjonen, frukostsalen, Bar Amundsen og gangane er verkeleg fine om du likar gamal og brun stil. Me hadde eit superiorrom som også var flott, på ny om du som oss likar gamal stordom. Det hadde den største TV-en eg har sett på eit hotellrom nokon sinne. Romsleg og med ei diger og god seng.
Bar Amundsen hadde eit fantastisk utval i god whisky, og ein bartendar som var utruleg kunnskapsrik og tok seg tid til å losa meg fram til to verkeleg gode drammar eg ikkje hadde smakt tidlegare. Kona fekk også to alkoholfrie drinkar som ho likte veldig godt.
Frukostsalen var som sagt verkeleg flott. Og frukosten makalasut god. Det er klart at det kunne ha vore litt fleire val av kvar einskild ting, til dømes fleire typar kvitost, skinke osb. Men det er flisespikkeri, det var verkeleg mykje å velgja i av kjøtrettar, friske og elikate grønsaker og frukt, ferske fruktblandingar, mange typar varmmat, mange typar syltety, godt brød og drikke for ein kvar smak. Frukosten var av dei beste me har fått i Noreg!
Så eit par små ankepunkt som gjer at eg trekkjer eit poeng. Den som kom på ideen med tusenvis av små svarte og kvite flisar på badet må ha vore mellombels utilrekneleg. Det same med den som har sett inn eit bord han hadde funne i ei narkobula i Oslo på eit elles kjempefint rom. Det var fullt i merke etter glas, skraper, flekkar og anna. Truleg er det eit eller anna her som eg ikkje skjønar, eit slikt bord ville ingen finna på å setja inn der om det ikkje var ein grunn til det. Og, for ein som hatar moderne kunst, var måleria ei pine å sjå i eit slikt fint gamalt hotell. Men det er ei rein subjektiv oppfatning.
Servicen var, bortsett frå dei to som var i baren fredag 6.januar (dei var kjempeflinke og trivelege), heilt korrekt og grei. Rett nok ikkje overstrøymande.
For prisen me måtte betala, omlag 1500 kr for eit superiorrom med kingsize seng, var dette eit særs fint opphald.