Fransk atmosfære, passe intimt, perfekt neddempa fransk musikk, pynta med ein klar tanke bak. Perfekt!
Middagsmenyen er kanskje ikkje spesielt unik eller spennande, men du verden som det smakte!
Gruppa vår spreidde seg over nesten heile spisekartet, langustine, kamskjell, tartar de boef, bakt kveite, langsteikt oksenakke, nyretapp, svinenakke👏👏 Store porsjonar gjorde dessert overflødig, dessverre😉.
Utruleg gode smakar og samansetjing av kvar rett. Saus og grønsaker - perfekt! Glimrande presentasjon av kvar rett av servitørar med akkurat rett aksent! Dette blei ein flott fransk kveld, perfekt opplading til teateropplevinga etterpå.