Eg hadde vore i kontakt med personalet i forkant av oppholdet mitt, og all kommunikasjon og booking via e-post fungerte supert. Alle ansatte som vi hadde med å gjere i løpet av oppholdet var supertrivelige, beliggenheten kunne ikkje vore betre, og frukosten er veldig god.
Eg hadde bestilt juniorsuite, og på dette rommet er det frittståande badekar. Rommet i seg sjølv er kjempefint, med mange stilige detaljer. Problemet var berre at det ikkje var skikkelig reingjort. Ein ting er dei små pirketinga som ein fint kan leve med, slikt som hårstrå i senga og på møbler. Slikt er sikkert vanskelig å unngå. I vårt tilfelle var det ting som i mine auger ikkje er greit. Bak badekaret sto ein halvfull ciderboks frå forrige gjest, og det låg eit vått samankrølla handkle på golvet. Her er det jo heilt tydeleg at vaskepersonalet har oversett dette då det sto bak karet, men eg syns det verkar litt rart at ein skal greie å oversjå dette dersom ein har reingjort karet skikkelig. Då må ein jo bøye seg over det, og eg vil då tru at ein vil sjå boksen og handuken. Golvet rundt karet var også veldig ekkelt med masse fotspor frå nakne føtter som ikkje var våre. Då eg fylte vatn i karet var det mykje rusk på toppen av vatnet, og eg må sei at eg vart litt mistenksom rundt heile reinholdet av dette området av rommet. Eg skal ikkje påstå at karet og golvet rundt ikkje var reingjort, men det har i beste fall gått litt i overkant fort i svingane. Når vi låste oss inn på rommet sto det allereie eit nøkkelkort i lysbryteren. Eg gjekk ned å prata med ein ansatt i resepsjonen som var veldig serviceminded og grei. Vedkommande tilbydde seg å bli med opp på rommet og ta i mot boksen og handduken. Vi fekk også beklagelser og beskjed om at dette skulle bli tatt videre.
I etterkant skulle eg ynskje at eg turte å være litt tydelegare til personalet om at eg reagerte på rommets tilstand. Eg syns det er vanskelig og ubehagelig å klage på ting, men her meiner eg faktisk at det hadde vore naturleg for eit hotell som set pris på gjestene sine å tilby eit lite plaster på såret. Når nokon kjem ned i resepsjonen og fortel at det er fleire ting frå førre gjest som ikkje er rydda vekk, ville det kanskje vore naturleg at personalet tok ein tur innom rommet og såg seg rundt for å dobbeltsjekke at rommet var i ein slik stand som hotellet ynskjer at det skal være. Vedkommande som fulgte meg opp vart berre ståande i døra medan eg henta tinga. Kanskje finnes det ein policy på at ansatte ikkje skal gå inn på gjestenes rom, ikkje veit eg. Syns berre at det heile vart teke litt lett på. Ein betaler faktisk 2000,- kr natta på denne juniorsuita.
Vi hadde bestilt bord i resturanten til seinare på kvelden, og det kunne jo vore ein gylden anledning til å tilby oss ein gratis kaffi eller ein brus eller noko slikt. I staden vart vi møtt av ein (hyggelig ansatt) som pekte på bordet vi skulle ha, og etter det skjedde det ingenting. Ingen kom med meny, ingen spurte om vi ville ha noko å drikke. Etter å ha venta ei stund og sett at gjester som kom inn i lokalet etter oss fekk meny og vart betjent, var det tydeleg at vi var blitt glømt. Kontakta personalet, og vi fekk hjelp og meny med ein gong. Eg har sjølvsagt forståelse for at slikt skjer, men det vart berre litt mange småting på ein gong.
Opphaldet på NO13 vart ikkje heilt slik eg hadde sett det for meg, men vi var nok berre maks uheldige.