Vi var fem veninner som hadde fått bord til kl 21 midt i julebordsesongen. Var spente på servicenivå og kvalitet, og gjekk aldeles ikkje skuffa derfrå! Reinsdyrmiddagen var perfekt og vi fekk god oppfølging av ein travel, men likevel heile tida like hyggeleg kelner. Desserten var også god. Atmosfæren var slik det skal vera på «Wessel»; høgt støynivå pga fullt hus og mange pratsame gjestar, og eit nabobord med menn som syntest det var veldig hyggeleg med kvinner i nærleiken. ;-)
Totalt sett ein veldig fin kveld!
Eier eller administrerer du dette stedet? Gjør krav på oppføringen din gratis for å svare på anmeldelser, oppdatere profilen din og mye mer.